FAQ | Brosjyrar | Destinasjonar / Turistkontor | Fotoalbum | Kart | Norsk English


Klima i Sognefjordområdet

Dei indre delane av Sognefjorden har eit svært godt klima med relativt milde vintrar og lite regn om sommaren, sidan området ligg på grensa mellom vest og aust, og dermed har ein kombinasjon av kystklima og innlandsklima. Takka vere det varme vatnet frå Golfstraumen har delar av Sogn eit klima som gjer området særs veleigna for å dyrke bær og frukt. Også tobakk, sukkerroer og sydfrukter kan dyrkast her.

Turistsesongen er primært frå medio mai til medio september, men Sognefjorden er vakker til alle årstider!

Vår
Våren kjem til Sognefjorden rundt påsketider, og i mai er naturen kanskje på sitt aller vakraste. Då er fossane ofte svært store, bakkane grøne, fjelltoppane kvite og lufta er forfriskande klar. I slutten av mai er dei frodige bygdene pynta med blomstrande eplehagar. Været kan variere frå kjølig vårluft til mildt sommarvær. Dei fleste vinterstengde fjellovergangane er opna att i mai.

Sommar
Sommaren varer som regel frå juni til og med august. Dagstemperaturane kan variere frå 10 til 30 grader, men ein bør stort sett vere forberedt på temperaturar mellom 15 og 25 grader. Lange, solrike dagar, lyse sommarnetter og frisk luft er med på å gjere frukt og bær uvanleg gode i dette området. Det er vanlegvis mest folk i området dei tre siste vekene i juli, pga fellesferien i Norge, så då er det lurt å bestille overnatting og aktivitetar på førehand.

Haust
Om hausten kler Sognefjordområdet seg i vakre haustfargar, først i fjellområda, så ved fjorden. Mange meiner at dette er den beste tida for fjellturar i området. Då er snøen vekke, elvane er små og det er tørt og fint å gå alle stader - mellom raud lyng og gullfarga busker.

Vinter
Frå byrjinga av november er det ikkje uvanleg med eit lite snøfall, men snøen legg seg vanlegvis ikkje i låglandet før julemånaden. Lauvet fell av trea, og det er på det mørkaste, før snøen malar landskapet kvitt. Skitrekka ved fjorden er vanlegvis opna til juleferien og held ope til og med påskeferien. Januar og februar kan vere tørre og kalde, med temperaturar rundt 10-15 minusgrader.

  Fjord Norway
E-mail: webmaster@sognefjord.no Webmaster | Fotokreditering | Lenker |