FAQ | Brosjyrar | Destinasjonar / Turistkontor | Fotoalbum | Kart | Norsk English


Sognefjorden - Det lengste fjordeventyret i verda
Det lengste fjordeventyret i verda, Sognefjorden, ligg midt i Fjord Norge og strekkjer seg meir enn 200 kilometer innover til foten av nasjonalparkane Jotunheimen og Jostedalsbreen. Her er naturen både dramatisk og gjestmild, og området vert rekna for å vere eit av dei vakraste reisemåla i verda.

Siste nytt :
  • Utvida sesong for attraksjonar og aktivitetar
  • Byggjer ut for ca 60 mill
  • Nytt og unikt båttilbod
  • Etterlengta leikeland
  • Idyllisk bygd får fjordkafé

  • Varmt møte med kalde brear
    I Jostedalsbreen Nasjonalpark kan du oppleve den største breen på det europeiske fastlandet på nært hald, der den strekkjer armar av blåis ned i frodige dalar. Erfarne breførarar kan ta deg med opp på isen, og tilbyr alt frå lette familieturar til krevjande blåisturar.
    Nasjonalskattar og levande norsk kultur
    Levande bygdesamfunn ved fjorden byr på ekte kulturopplevingar. Her ligg unike opplevingssenter, museum, kunstgalleri, stavkyrkjer og historiske stader. Urnes Stavkyrkje er den eldste stavkyrkja i Norge, og står på UNESCO si verdsarvliste.
    Buldrande fossefall og blikkstille fjellvatn
    Vil du oppleve majestetiske fossar og ville elvar, så finn du dei ved Sognefjorden, enten du reiser med båt, tog, bil eller til fots. Fleire av dei høgste fossefalla i Norge ligg her. Over fossane ventar auren i blanke fjellvatn.
    Frå slake bakkar til steile tindar
    Jotunheimen Nasjonalpark, Aurlandsdalen, Breheimen, Utladalen og Stølsheimen er kjende og populære turområde. I desse fjella rundt fjorden finst eit stort nettverk av godt merka stiar, og området er perfekt for både spaserturar, fjellturar, klatring og skiturar.
      Fjord Norway
    E-mail: webmaster@sognefjord.no Webmaster | Fotokreditering | Lenker |