Stavkyrkjer ved Sognefjorden
Dei første spora etter menneske i området er fleire tusen år gamle, men det er frå vikingtida og mellomalderen vi finn dei best bevarte kulturminna - først og fremst stavkyrkjene. Desse kyrkjene har fått namn etter den særmerkte konstruksjonen med vertikale stavar.
Fram til slutten av 1800-talet var det mange stavkyrkjer i området, men fleire vart då rivne for å byggje større kyrkjer. I heile Norge finst det berre 28 stavkyrkjer att, og fem av dei eldste ligg her ved Sognefjorden. I dag er desse stavkyrkjene uerstattelege kulturminne både for Norge og heile det internasjonale samfunnet.
|
|
Urnes Stavkyrkje er den eldste i Norge, og står på UNESCO si verdsarvliste. Ho er bygd kring 1130, men dei spesielle utskjeringane på nordportalen kjem frå ei enda eldre kyrkje.
|
|
|
Borgund stavkyrkje vart bygd ca. 1180, og er den best bevarte stavkyrkja i Norge. Denne kyrkja har vore brukt som forbilde ved restaurering av fleire andre stavkyrkjer.
|
|
|
I Vik finn du Hopperstad stavkyrkje, som er bygd kring 1150. På slutten av 1800-talet vart kyrkja restaurert med Borgund stavkyrkje som modell.
|
|
|
Denne kyrkja, på Kaupanger i Sogndal, er den største stavkyrkja og vart truleg bygd på slutten av 1100-talet. Kyrkja er framleis i bruk som soknekyrkje.
|
|
|
Undredal Kyrkje har berre 40 sitjeplassar, og er truleg den minste stavkyrkja som framleis er i bruk i Norden. Kyrkja vart bygd i 1147, og bar tidlegare namnet St. Nicolai Kapell.
|
|
For bestilling av guiding utanom sesongen eller guiding for grupper, kontakt Fortidsminneforeninga på tel. (+47) 57 67 88 40
Sjå også Fortidsminneforeninga sine sider www.stavechurch.com om stavkyrkjene i Sognefjordområdet,
|