Norsk Bremuseum
FAQ | Brosjyrar | Destinasjonar / Turistkontor | Fotoalbum | Kart | Norsk English


Museum og Opplevingssenter
Fleire stader i Sognefjordområdet kan du besøke spennande og heilt unike opplevingssenter og museum. Dei fleste av desse er nært knytte til den spesielle naturen ved Sognefjorden, og er såleis også med på å forsterke naturopplevingane.

Opplevingssenter / Museum

Norsk Bremuseum er eit prislønt aktivitetsmuseum. Her kan du kan lære om snø, is og brear, gjere eigne eksperiment og sjå Ivo Caprino sin storslegne film frå Jostedalsbreen.

Breheimsenteret er eit informasjonssenter for Jostedalsbreen Nasjonalpark, og ligg vakkert til i Jostedal - med utsyn mot Nigardsbreen. Utstillingane her tek deg med på ei reise gjennom 20000 år, der du lærer om breen som naturfenomen, og om korleis breen har forma landskap og livsvilkår.

På Villakssenteret får du vite alt om laksen, tradisjonane kring laksefisket og forvaltinga av dei ville laksestammane. Her er også flugebindarverkstad og observatorium.

De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum på Kaupanger syner korleis folk har levd frå mellomalderen og fram til vår eiga tid. Dei 30 bygningane i friluftsmuseet spenner frå ei mellomaldersk årestove til eit moderne ferdighus frå slutten av 1980-talet. Her er og tradisjonell gardsdrift med levande dyr.

Sognefjord Akvarium
Sognefjord Akvarium er eit marint aktivitets senter som ligg i sentrum av Balestrand. Her kan ein studere over 100 ulike artar frå fjorden.

Den norske bokbyen i Fjærland er den første bokbyen i Norge, og har 200.000 brukte bøker på fleire ulike språk. Gamle fjøs og naust er tekne i bruk til bokutsal og dette gjer Bokbyen heilt spesiell.  
  Fjord Norway
E-mail: webmaster@sognefjord.no Webmaster | Fotokreditering | Lenker |