Fossar ved Sognefjorden
Fleire stader ved Sognefjorden kan du oppleve majestetiske fossar som kastar seg utfor steile fjellsider. Fleire av desse er blant dei høgste fossefalla i Norge.
I mai, når snøen smeltar i fjellet, er mange fossar så store at du kan høyre den kraftige duren av dei på lang avstand, og ein varm sommardag er det ei forfriskande oppleving å gå så tett inntil ein foss at du kjenner den kjølige vinden frå fossen og får ein dusj av friskt fjellvatn i ansiktet.
|
|
Med eit fritt fall på 275 meter er Vettisfossen det høgste verna fossefallet i Norge. Denne fossen, som har vore freda sidan 1924, kan du nå til fots i vakre Utladalen i Øvre Årdal.
|
|
|
Den 218 meter høge Feigumfossen ligg idyllisk til på sørsida av Lusterfjorden. Du kan gå den korte turen opp til fossen, eller nyte synet frå den nasjonale turistvegen langs nordsida av fjorden.
|
|
|
Kjosfossen får du oppleve dersom du tek Flåmsbana. Toget stoppar slik at dei reisande kan gå ut og sjå fossen på nært hald. Kraftstasjonen som er bygd her, leverer straum til drifta av Flåmsbana.
|
|
|
Kvinnafossen har 120 meter fall, og ligg rett ved riksvegen mellom Leikanger og Hella. Under snøsmeltinga, eller når det har regna mykje, driv vatnet over bilvegen.
|
|
|
Drivandefossen finn du i vakre og frodige Mørkridsdalen i Skjolden, innerst i Sognefjorden. Stien til Åsetevatnet og DNT-hytta på Fast går forbi like ved fossen. Her får dei fleste seg ein svalande dusj i drevet av fossen (derav namnet). Fotturen opp til fossen tek 15-20 minutt.
|