Sognefjorden og dei vakre fjordarmane
Sognefjorden har fleire spesielle fjordarmar som strekkjer seg inn mellom stupbratte fjell og endar i små, idylliske bygder. Ein av desse fjordane er den verdskjende Nærøyfjorden, som no er oppført på UNESCO si verdsarvliste. Du kan vere med på ulike båtturar og oppleve fjordane heile året.
|
|
Den verdskjende Nærøyfjorden er den smalaste, villaste og mest dramatiske fjordarmen i verda. Fjella reiser seg bratt og høgt opp frå vatnet og skapar ei trolsk stemning. Tek du ein båttur på Nærøyfjorden får du oppleve noko av det mest spesielle landskapet Norge kan by på.
|
|
|
Den smale og vakre Fjærlandsfjorden er omkransa av bratte, skogkledde lier, og strekkjer seg heilt inn mot den majestetiske Jostedalsbreen. Fjordvatnet her har ofte ein nydeleg, lysegrøn farge pga. breelvane som renn ut i fjorden.
|
|
|
Finnafjorden er den minste av fjordarmane, men kanskje også den mest spesielle. Nesten utilgjengeleg ligg fjorden der med berre eit smalt sund før han vidar seg ut innover mot Finnabotn. Her stuper fjella rett i fjorden.
|
|
Landskapet kring Lusterfjorden er svært malerisk, og mange store kunstnarar har lete seg inspirere av den spesielt vakre naturen her i enden av Sognefjorden. Lusterfjorden strekkjer seg heilt inn til foten av Jotunheimen, Breheimen og Jostedalsbreen, og frå Skjolden i aust til Solund i vest, er Sognefjorden heile 204 km lang.
|