Vakre fjellovergangar ved Sognefjorden
Sognefjorden er omringa av høge, majestetiske fjell, og dei fleste vegane inn og ut av dette området går difor gjennom vakre fjellområde. Her kan du gå fotturar, klatre, gå på ski og fiske, eller berre slappe av og nyte den friske lufta og den imponerande utsikta.
|
|
Den nasjonale turistvegen over Sognefjellet mellom Luster og Lom er den høgste og kanskje mest imponerande fjellovergangen i Nord Europa (høgste punkt 1430 moh). Her kjem ein tett inn på den majestetiske naturen i Jotunheimen Nasjonalpark. Det er i tillegg utvikla ei matrute over Sognefjellet.
|
|
|
Fjellvegen mellom Aurland og Lærdal vert kalla Snøvegen fordi det gjerne ligg snø ved vegen store deler av året, men vegen er også kjend for den fantastiske utsikta ein får over Aurlandsfjorden. Denne 48 km lange vegstrekninga når sitt høgste punkt 1306 m.o.h.
|
|
Vegen Årdal-Turtagrø knyter Årdal saman med Luster og Sognefjellsvegen om sommaren, og langs denne ruta har du eit flott utsyn til fleire vakre toppar i Jotunheimen. Dette er ein bomveg som ikkje passar for bussar eller bilar med campingvogn.
Heimeside: www.tindevegen.no
|
|
|
Riksveg 50 mellom Aurland og Hol går mellom anna gjennom den vakre og kjende Aurlandsdalen.
|
|
|
Langs denne ruta frå Dragsvik (Balestrand) til Moskog (Førde) kan ein sjå mange vakre, små fossar og elvar. Vegen er særskilt kjent for dei 9 hårnålssvingane ein køyrer gjennom på Balestrandssida av fjellet.
|
|
|
Vikafjellsvegen mellom Vik og Vinje/Voss går gjennom flotte fjellområde, og er eit godt utgangspunkt for fotturar eller skiturar både på Vikafjellet og i Stølsheimen.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Fleire av fjellvegane er opne heile året, men enkelte er vinterstengde. For informasjon om vegar og køyreforhold sjå Statens Vegvesen eller ring dei på tel. 175
For informasjon om bussrutene over fjella ring (+47) 57 65 95 12 eller sjå www.ruteinfo.net
|