Familie på Nigardsbreen, Jostedal
FAQ | Brosjyrar | Destinasjonar / Turistkontor | Fotoalbum | Kart | Norsk English


Jostedalsbreen og brearmane ved Sognefjorden

Med sine 500 km2, er Jostedalsbreen den største isbreen på det europeiske fastlandet. Denne gigantiske ismassen dekkjer både fjelltoppar og djupe dalar i nasjonalparken, og strekkjer mektige armar av blåis ned i frodige dalar nær fjordane våre. Mange vert forundra når dei finn ut kor lett tilgjengeleg fleire av desse brearmane er, og at det kan vere nesten like varmt ved isen som ved fjorden.

Både i Fjærland og Jostedalen kan du bli med erfarne og lokalkjende breførarar på brevandring, og besøke informasjonssentra for å lære meir om breane.


Dei mest kjende brearmane

Nigardsbreen, Jostedal
Dette er ein av dei lettast tilgjengelege brearmane. Etter ein kort båttur over brevatnet kan du komme tett inn til blåisen på eiga hand, eller bli med breførarar opp på isen.

Bøyabreen
Bøyabreen ser du på nært hald frå riksvegen. Tek du turen bort til Brevasshytta, kan du kjøpe deg mat og nyte utsikten til breen frå det store panoramavindauga i restauranten.

Bergsetbreen
Den majestetiske Bergsetbreen ligg berre ein times lett gange frå bilvegen, og er truleg ein av dei aller vakraste brearmane.

Austerdalsbreen
"The finest ice-scenery in Europe", sa den engelske fjellmannen W.C. Slingsby om Austerdalsbreen og dei imponerande brefalla Odin, Tor og Loke. Hit kjem du etter ein lett fottur frå Tungestølen.

Flatbreen
Flatbreen ligg meir enn 1000 moh. Oppe ved brekanten og Flatbrehytta er utsikta til fjorden fantastisk. Det tek 2-3 timar å gå opp, og breturane her har aldersgrense 15 år.

Tunsbergdalsbreen, Leirdalen / Luster / Sognefjord
Tunsbergdalsbreen er Noregs lengste brearm! Den ligg plassert 500 moh, i Leirdalen, som er ein sidedal til Jostedalen. Tunsbergdalsbreen har lenge vore vanskeleg å besøka, grunna si avsidesliggande plassering, langt inne i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Du kan oppleva denne giganten ved å bli med Leirdalen Bre og Juv på bretur eller Icetroll på kajakktur.

Isbreen er i alltid i rørsle, og blokker med is kan falle av fronten. Ein må difor aldri gå på breen utan førar, eller gå forbi sperringane som er sette opp rundt brearmane.

  Fjord Norway
E-mail: webmaster@sognefjord.no Webmaster | Fotokreditering | Lenker |