FAQ | Brosjyrar | Destinasjonar / Turistkontor | Fotoalbum | Kart | Norsk English


Andre attraksjonar i Sognefjordområdet

Det fins svært mange attraksjonar i Sognefjordområdet. Alle desse vil snart bli mulige å finne her på sognefjord.no, men i mellomtida anbefalar vi at du også går inn på dei lokale reiselivslaga sine heimesider  LinkAurland / Lærdal / Flåm,  LinkBalestrand / Leikanger / Fjærland / Vik og LinkÅrdal

 


Sogn Fjordmuseum, Kaupanger
Sogn Fjordmuseum er eit moderne museum med utstillingar om fjorden som ferdselsåre, båtbygging og fiske. Muséet inneheld ei unik samling båtar frå Sogn - ei av dei største og finaste båtsamlingane i landet, ein rekonstruert båtbyggjarverkstad og anna tradisjonelt utstyr knytt til båtar og fjordafart.Linkwww.dhs.museum.no
 

Gaupne gamle kyrkje er eit vakkert døme på gammal luthersk stil, med fint pryda benkevangar, rankemåling på veggane, katekismus-tavle frå 1589 og preikestol. Linkwww.stavechurch.com

Safthuset og landhandelen på Sørheim
I 1909 bygde Kari og Nils H. Lerum Safthuset på Sørheim. Her starta dei saftproduksjon i industriell samanheng. Produksjonen av saft og syltetøy vart seinare flytta til Sogndal, og verksemda er i dag kjend som det store Lerum-konsernet.Linklerum.no

Det nyrestaurerte herskapshuset på garden Ytre Kroken i Luster har historie som adelsgods og kunstnarsenter. Det var møtestad for forskarar, geografar og Norges fremste kunstmålarar i den nasjonalromantiske perioden, første halvdel av 1800-talet. Linkwww.munthehuset.no

Dale Kyrkje
Dale Kyrkje, i bygda Luster, er ei særmerkt steinkyrkje frå 1200-talet, med mellom anna gotisk arkitektur og veggmåleri frå 1400-talet. Ope for besøkande. Les meir: Linkluster.kommune.no

Gamlebanken, Lærdal / Sognefjorden

Midt på Gamle Lærdalsøyri finn du Gamlebanken, med fast utstilling om ”Reiseliv – samferdsle – gamle Lærdalsøyri”. Ope heile året. www.alr.no


På Urnes Gard, eit steinkast frå verdsarvminnet Urnes stavkyrkje, kan du delta på hjortesafari. Du får høve til nærkontakt med dei flotte dyra, ta del i foring og få interessant og spanande informasjon. Fin aktivitet for heile familien, grupper og skuleklassar. www.urnes.no

Anestølen ligg ved nordenden av Anestølsvatnet, 450 m.o.h. Her geitar meir enn 600 geiter sommarstid. Vertskapet demonstrerer mjølking og ysting, og du får smaksprøvar av fersk geitost. Vi serverer ekte norsk stølsmat, og sel brun- og kvit geitost, samt lokallage suvenirar. Området rundt stølen byr på eit fantastisk turterreng med moglegheiter for både lange og kortare turar. Større grupper bør tinge på førehand.

Omvisning tre gonger dagleg frå mån - fre, kl 10,  12 og 14. Guidinga inneheld omvisning i maskinsalen, plakatutstilling og lysbileteframsyning, mellom anna frå kraftutbygginga i Jostedalen, og varer i ca 45 minutt. Alle møter ved guidekontoret (informasjonsbygget) utanfor tunnelinngangen for nærare informasjon.

Sognefjordbygder på nett:
www.arnafjord.info
www.skjolden.com
  Fjord Norway
E-mail: webmaster@sognefjord.no Webmaster | Fotokreditering | Lenker |