Sykkelturar
Sjølv om Sognefjordområdet er dominert av dramatisk natur med bratte fjell, finst det mange moglegheiter for både små og store som vil ta sykkelturar for å oppleve naturen og kulturlandskapet på nært hald. Fleire stader kan du sykle på gamle, romantiske vegar langs fjorden og i dalane, og du kan ta ferjer eller båtar for å komme utanom dei lengste tunnelane og dei mest trafikkerte vegane. På turistkontora får du informasjon om kvar det er fint å sykle.
|
Den kjende og populære Rallarvegen langs Bergensbanen og Flåmsbana (Haugastøl – Finse - Myrdal - Flåm) er ei 80 kilometer lang sykkelrute frå fjell til fjord. Ein kan leige syklar, eller ta med eigen sykkel på toget til staden ein vil starte. Langs ruta finst det fleire trivelege overnattingsstader.
Sykkelturisme i Norge – Rallarvegen
|
|
Dersom du syklar den om lag 130 kilometer lange sykkelruta mellom Borlaug i Lærdal og Turtagrø, via den Romantiske Vegen på sørsida av Lusterfjorden, får du oppleve praktfull natur, historiske vegar og store turistattraksjonar.
Sykkelturisme i Noreg – Sognefjorden Sykkelrute
|
|
|
Denne spesielle sykkelruta er knytt til Sognefjordruta på Hafslo, og er skilta langs Hafslovatnet og Veitastondsvatnet heilt inn til vakre Veitastrond, som er spesielt godt kjent for produksjon av geitost og steintroll. Landskapet i denne dalen er særs eigenarta, med brear og nakne, steile fjellsider. Frå Tungestølen kan du gå fram til Austerdalsbreen.
|
Dette er eit 430 kilometer langt sykkelritt som startar i Lærdal, går over Filefjell, Valdresflya og Sognefjellet og endar i Sogndal. Sykkelturen er ei stor naturoppleving, men passar berre for dei aller sprekaste. Det er mogeleg å ta ein kortare variant som heiter Lille Jotunheimen. Då syklar du etappen frå Lom, over Sognefjellet, langs Lusterfjorden og over Hafslo til Sogndal. Rittet vert arrangert i begynninga av juli kvart år.
Jotunheimen Rundt
|
|
|
|