Den Norske Turistforening (DNT) har mange merka ruter og trivelege hytter i fjella rundt fjorden, og Luster er den kommunen i Norge som har flest DNT-hytter. Standarden varierer frå flotte turisthytter med matservering, til enkle sjølvbetjeningshytter. Du kan gå fotturar frå hytte til hytte eller bruke hyttene som utgangspunkt for dagsturar i fjellet. Sjå planleggingskart for "hytte til hytte-turar" Jotunheimen og Breheimen her
Sognefjorden er eit flott turområde heile året, men Juli, August og September er dei beste månadane for fotturar i høgfjellet. Ver merksam på at vêret uansett skiftar raskare i høgfjellsområda enn i låglandet, og uver og tåke kan komme brått på. Førebu deg difor på alle typar vêrtilhøve når du legg ut på tur, og ta med kart, kompass, regnklede osv. Topografiske turkart (1:50 000 og 1:100 000) får du kjøpt hjå bokhandlarar og dei fleste turistkontor i området.
På turistkontora får du også lokal informasjon om spennande fotturar du ikkje bør gå glipp av. Du kan dessutan klikke på lenkjene nedst på denne sida for å få konkrete turforslag i dei ulike områda.
Guida turar til fots, sjå Andre aktivitetar
DNT-hytter i Sognefjord - området, sjå DNT-hytter
Fjellturar i Sogndal & Luster, sjå her (4,5 MB)
Nyttige lenker:
Den Norske Turistforening - DNT
Fotturar i Aurland / Flåm
Fjellatlas - turar i Balestrand
Fjellturar i Luster - 31 av dei vakraste fotturane
Spaserturar og fotturar rundt Skjolden - i enden av Sognefjorden
Fotturar i Lærdal - historisk vandring
Fjellføring og turforslag i Årdal
Fotturar og toppturar i Turtagrø / Jotunheimen