FAQ | Brosjyrar | Destinasjonar / Turistkontor | Fotoalbum | Kart | Norsk English


Båtturar på Sognefjorden
Dersom du verkeleg skal oppleve det Sognefjorden har å by på, bør du vere med på ein båttur på ein av dei vakre fjordarmane. Passasjerbåtar, ferjer og ekspressbåtar tek deg med til stader du elles ikkje hadde fått oppleve, som t.d. veglause Styvi i Nærøyfjorden.

Fjordcruise med bilferje

Bilferja mellom Gudvangen, Kaupanger og Lærdal har fleire daglege avgangar frå 1.mai til 30.september. På denne 2-3 timar lange turen får du oppleve noko av det vakraste og mest dramatiske fjordlandskapet i verda.
LinkRutetabell

Bilferja på Fjærlandsfjorden har dagleg avgang kvar veg mellom Leikanger, Vangsnes, Hella, Balestrand og Fjærland.
LinkRutetabell

Fjordcruise med passasjerbåt

Mellom Flåm, Aurland og Gudvangen går det dagleg passasjerbåt heile året. Dersom du tek denne turen får du oppleve både Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden.
LinkRutetabell

Heile året har moderne ekspressbåtar daglege avgangar frå Sogndal til Bergen. Ein kan reise tur/retur same dag, eller t.d. ta båten ein veg og tog/buss tilbake. På turen utover Sognefjorden er desse båtane innom stader som Leikanger, Balestrand og Vik. Frå 1.mai til 30.september går det også dagleg ekspressbåt mellom Flåm og Bergen.
LinkRutetabell

FjordSafari Nærøyfjorden / Flåm - Sognefjord
FjordSafari tilbyr ei spanande ferd i det eventyrlige fjordriket - opplev natur, kultur og dyreliv på nært hald!

Sognefjorden A/S tilbyr båtturar med fokus på historie og kultur. Du kan velje mellom to ulike turar. Den eine går frå Kaupanger til Lærdal og vidare til den historiske fjordgrenda Ofredal, medan den andre går mellom Lærdal-Kaupanger-Flåm-Undredal-Styvi. På begge turane er det mogeleg å fiske, og det er fiskeutstyr om bord.
LinkInformasjon om rutetider og bestilling

Charterbåtar

Fleire firma tilbyr charterbåtar og skreddarsyr turopplegg på Sognefjorden:

LinkNorway Fjord Cruise A/S
LinkFjord1 – Fylkesbaatane
LinkSognefjorden A/S
LinkFjordSafari

  Fjord Norway
E-mail: webmaster@sognefjord.no Webmaster | Fotokreditering | Lenker |