FAQ | Brosjyrar | Destinasjonar / Turistkontor | Fotoalbum | Kart | Norsk English


Fiske i vatn og elvar ved Sognefjorden

Ved Sognefjorden finst det fleire hundre gode fiskevatn. Dei fleste vatna ligg i fjella rundt fjorden, og området er difor ideelt for dei som ønskjer å kombinere fisking med fjellturar. Fjellauren du får i desse klare, friske vatna er rekna for å vere ei delikatesse.

Det er også 15 lakseførande elvar ved Sognefjorden, der ein kan fiske etter laks eller sjøaure. Området har lange fisketradisjonar, og lakseelvar som Lærdalselva har hatt høg status heilt frå slutten av 1800-talet. På Norsk Villakssenter får du vite alt om laksen og tradisjonane kring laksefisket.

Fiskekort for dei ulike vatna og elvane får du som regel kjøpt på turistinformasjonar, overnattingsstader, kioskar eller bensinstasjonar. Kontakt dei aktuelle turistkontora for meir informasjon om lokale fiskereglar og sal av fiskekort. Les meir om fiskereglar

Fiske i fjorden
Fiske i fjorden er gratis heile året, og om du er heldig kan du få sjøaure, torsk, hyse, kviting eller sei på kroken. Du kan fiske frå brygger, svaberg og strender, eller leige båt og leggje ut på fjorden. Nokre få stader er det også mogeleg å bli med på guida fisketurar.

Dei fleste som tilbyr overnatting ved fjorden og vatna, har dessutan båtar til disposisjon for kundane sine.

Tilbod om guida fisketurar; sjå andre aktivitetar 

  Fjord Norway
E-mail: webmaster@sognefjord.no Webmaster | Fotokreditering | Lenker |