Brevandring ved Sognefjorden
Å gå i taulag på isbreen er ei spennande oppleving. I det du får på deg hjelm og stegjern, vert knytt inn i taulaget og får ei isøks i handa, kjenner du kriblinga i magen.
Du kan vere med på brevandring både i Jostedalen og i Fjærland, samt ein del andre stader i Luster. Her er det dyktige og internasjonalt godkjende breførarar, som kjenner breen og veit kvar det er trygt å gå.
|
|
Jostedalen Breførarlag tilbyr ulike breturar på Nigardsbreen kvar dag heile sommaren. Her finst lette familieturar for alle over seks år, og lengre blåisturar for dei som ynskjer meir utfordrande opplevingar. Du treng ikkje ha erfaring for å delta, og dei fleste breturane er ikkje kondisjonskrevjande.
|
|
IceTroll tilbyr guida breturar kombinert med kajakkpadling på brevatn i Jostedalen, Luster. Du kan vere med på både dagsturar og overnattingsturar i denne ville naturen. www.icetroll.com
|
|
Norgesguidene tilbyr guida breturar for heile familien på Sognefjellet. Du kan velgje ein lett tur i blåisen mellom dei spektakulære Smørstabbtindane, eller ein meir krevjande tur til toppen av ein av desse tindane. Uansett vil du tilbringe ein dag midt i dette ubeskrivelege panoramaet. Norgesguidene tilbyr også eit breidt spekter av andre aktivitetar. Web: www.norgesguidene.no
|
|
Leirdalen Bre og Juv tilbyr deg brevandring på Tunsbergdalsbreen, som er Noregs lengste brearm. Denne delen av Jostedalsbreen har før vore vanskeleg å besøka, grunna sin avsidesliggande plassering inne i Jostedalsbreen Nationalpark. Leirdalen Bre og Juv tilbyr også juv-vandring i juvet til elva Leirdøla, samt fjellfiske i Leirdalen, med store sjansar for å få fisk. www.breogjuv.no
|
|
Sognatur tilbyr breturar på Flatbreen i Fjærland. Vi utforskar blåisen, dette er ein spennande og morosam oppleving. Turen inneheld spennande informasjon om området, geologi, botanikk og fakta om Jostedalsbreen nasjonalpark. Turen varer 8-9 timer, med 2-3 timer på isen. Vi går i eit behagelig tempo. Turen tilpassast nivået til deltakarane. Frå 16 Juli- 31 september Web: www.sognatur.no
|
|
|
|
|
Isbreen er i alltid i rørsle, og blokker med is kan falle av fronten. Ein må difor aldri gå på breen utan førar, og heller ikkje gå forbi sperringane som er sette opp rundt brearmane.
|
|
|
|