FAQ | Brosjyrar | Destinasjonar / Turistkontor | Fotoalbum | Kart | Norsk English


Andre aktivitetar og guida turar i Sognefjordområdet
Det fins svært mange guida aktivitetar og turar i Sognefjordområdet. Alle desse vil snart bli mulige å finne her på sognefjord.no, men i mellomtida anbefalar vi at du også går inn på dei lokale reiselivslaga sine heimesider  LinkAurland / Lærdal / Flåm,  LinkBalestrand / Leikanger / Fjærland / Vik og LinkÅrdal
 

Ulike, spennande aktivitetar

Turar med hest
Bli med på hesteriding på Fåbergstølsgrandane under Jostedalsbreen. Raudskarvfjellet Turriding tek deg med på ein minneverdig ridetur i eit spesielt og urørt område, kanta av høge fjell. Turen vil ta deg inn i eit område som er vanskeleg å få oppleve til fots, på grunn av dei strie og kalde bre-elvane. Turen inkluderar ein pause på ein egna stad, som ein kan nytte til lunsj.Linkwww.jostedal-horseguiding.no

Hesteskyss i Solvorn, Luster / Sognefjord
På garden Bjørnethun i Solvorn ved Sognefjorden har Solvorn Hest eit tilbod til alle som ynskjer å læra å ri og vera i kontakt med dyr. På garden er det hestar og ponniar, høner og Skotsk Høglandsfe. I tillegg til ridning er det og mulighet for køyring med hest og vogn, og dei tilrettelegg opplegg etter ynskje og behov. Linkwww.solvornhest.no

Rafting

Frå juni 2006 tilbyr selskapet Moreld rafting i Jostedalselva, nær Nigardsbreen! Bestilling på Breheimsenteret: Tel (+47) 57 68 32 50 E-post: jostedal@jostedal.com Linkwww.moreld.net


Skitur i med hund på Hest, Sognefjord
Fimbul Jostedal tilbyr guida skiturar, toppturar, isklatring i frosne fossar, skredkurs og skikurs i Jostedalen, Jotunheimen og andre område i Luster. Hovudsesongen deira er vinteren og tidleg på våren. Dei skreddarsyr opplegg som kan gå over fleire dagar. Linkwww.fimbuljostedal.no

Sognefjellet
Om vinteren arrangerar Norgesguidene ulike isklatrekurs og skredkurs i Sogn, i tillegg til guida skiturar i Sogndalsdalen, Hafsloområdet, Jostedalen og (seint på vinteren) Hurrungane. Kursopplegga variera frå ein-dags introduksjonskurs til femdagars kurs retta mot alpine turar og generell fjellsport. Web: Linkwww.norgesguidene.no

Klippeklatring med Sognatur, Sognefjord

Firmaet Sognatur tilpassar opplegg til familiar og grupper med utgangspunkt i naturen i Sogn. Vi har kort veg til Jostedalsbreen og Jotunheimen. Vi tilbyr guiding, aktivitetar og kurs i den vakre Sogndalsdalen året rundt. Basisaktivitetane er klippe og is klatring/ bre/ ski/ sykling og toppturar til fots. Opplegg frå 3 timar til 7 dagar. Begynnarar til middels nivå. Web: www.sognatur.no E-post: Sognatur@online.no Tel 900 855 09


Pegasus tilbyr helikopterturar over Sognefjorden og Jostedalsbreen. Web: www.pegasus-as.no

Guida fotturar

Jutta Schatton - Molden Rundt
Molden Rundt tilbyr forskjellige guida turar basert på natur og kultur innerst i Sognefjorden. Sightseeing med buss eller privatbil, cruiseskip-guiding, vandreturar, fjordturar, tematurar, oversettelse og tolking (norsk - tysk).
Ein guida tur gjev meir kunnskap og opplevelse enn om ein reiser aleine.Linkwww.sogneguide.com
 
 

Juv- og elvevandring, Leirdalen / Luster
Turen startar i idyllisk skogsterreng, før me når bunnen av juvet, der elva Leirdøla renn. Naturen er flott, med høge fossefall og bratte fjellsider. I elva ser me ofte den blanke fjellauren leika seg. Dette er ein spennande familietur, med aktivitetar som fiske, bading, hopping frå berg, og klatring gjennom grotter og over steinar. Du må ha gode sko!Linkwww.breogjuv.no

Til topps med Norgesguidene

Norgesguidene tilbyr klatreføring på toppar i Hurrungane. Frå Turtagrø kan du få føring på ei rekke toppar som krev klatring, mellom andre Store Skagastølstind, Store Austabotntind og Søre Dyrhaugstind. Norgesguidene tilbyr også eit breidt spekter av andre aktivitetar, frå lange breføringar til familieturar i marmorgrottene i Dumdalen. Linkwww.norgesguidene.no


Fjellturar med kajakkpadling, Moreld
Moreld tek deg med på fjellturar og padleturar til stader du truleg aldri elles ville få sjå. Dei tilbyr både dagsturar og lengre overnattingsturar. Linkwww.moreld.net

Utsikt frå Molden
Fire unike dagsturar med lokalkjent guide, langs gode stiar i 
storslagen Vestlandsnatur. Dagsetappar på 4 - 5 timer.
Opphold på tradisjonsrike Nes gard i Luster, med særprega og
hyggelig miljø. Linkwww.nesgard.no

Tunsbergdalsvatnet, Leirdalen / Luster / Sognefjord
Bli med på fisketur på brevatnet Tunsbergdalsvatnet, som er omkransa av fjelltoppar som stig 1000 meter opp fra vatnet, og har Jostedalsbreen Nasjonalpark som nærmaste nabo. Her er eit yrande fiskeliv, og sjansen til å få fisk er stor.  Linkwww.breogjuv.no
  Fjord Norway
E-mail: webmaster@sognefjord.no Webmaster | Fotokreditering | Lenker |